Britain's Premier Job Portal
Vossabia leitar etter nye arbeidsbier som brenn for naturen, berekraft og gode kundeopplevingar. Vil du bli ein del av ei verksemd som brenn for å formidle kunnskap om natur, helse og kretsløp, og som ønskjer å utfordre etablerte tankesett rundt hudpleie og velvære? Dersom dette engasjerer deg, kan Vossabia vere arbeidsplassen du leitar etter.
Vossabia er i sterk vekst og treng fleire dyktige medarbeidarar på laget. Me utviklar og produserer hud- og hårpleieprodukt frå grunnen av, med naturlege råvarer av høg kvalitet.
Me har ledige både heiltids- og deltidsstillingar. Erfaring frå liknande arbeid er ikkje eit krav – me sørgjer for nødvendig opplæring.