Position Overview
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Vitskapleg assistent ved Senter for digitale forteljingar - 2 stillingar
Velkomen som søkjar til to mellombelse 20 % stillingar som vitskapeleg assistent ved Senter for digital forteljingar (CDN). Stillingane er for ein åremålsperiode på 1 år, med moglegheit for forlenging. Planlagd oppstart er 1. februar 2025. Den eine stillinga er tilsett ved CDN, eit norsk senter for fremragende forsking, og den andre stillinga ved forskingsprosjektet Extending Digital Narrative (XDN), begge er leia av professor Scott Rettberg ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.
Om instituttet og senteret
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium tilbyr forskingsbasert undervising innan eit bredt spekter av studieprogram, inklude...