Position Overview
**Om stillinga**:
**Vi ser etter ein ny funksjonsleiar som har lyst til å vere med og utvikle eit allereie godt fagmiljø.**
Her møter du eit fagmiljø med stor spennvidde og engasjerte kollegaer. Vi står i ein kvardag med både høgt tempo og krevjande prioriteringar - difor treng vi ein leiar som ser folk og skapar tryggleik og retning i det daglege.
I 2027 flyttar vi dessutan inn i splitter nye og moderne lokalar - eit løft som vil gi både pasientar og tilsette eit endå betre arbeidsmiljø og framtidsretta fasilitetar.
Som funksjonsleiar får du ansvar for den daglege drifta på sengeposten, der hovudvekta av pasientane har sjukdommar innanfor gastroenterologi eller nefrologi. Du får personalansvar for om lag 15 medarbeidarar - hovudsakleg sjukepleiarar, men òg helsefagarbeidarar, lærling og studentar.
Vi ser etter ein leiar som ønskjer å vere tett på - som ser både folk og drift, og som har lyst til å påverke kvardagen for både pasientar og medarbeidarar.
**Høyrest det u...