Position Overview
Geiranger skule og barnehage, Stranda kommune
- Om stillinga
Velkommen til mangfaldige Geiranger. Kanskje verda si største bygd på sommartid, men også ei lita, roleg og koseleg bygd på vinterstid. Midt i smørauget i sentrum av Geiranger ligg skulen. Nærmiljøet rundt skulen, som også blir nytta i samanheng med undervisning, er ulikt noko anna, med bratte fjell som kransar rundt bygda og den unike Geirangerfjorden. Skulen er ein kombinert barne
- og ungdomsskule med eit rikt elevmangfald. Barnetrinnet er todelt og ungdomstrinnet er udelt. Som lærar ved Geiranger skule har du ei unik mogelegheit til å skaffe deg erfaringar få andre skular kan tilby. Saman med eit sosialt og fagleg sterkt kollegium, Fjordsenter, verdsarvstiftinga, internasjonale samarbeid og andre lokale aktørar har du fleire ressursar til å utvikle, tilpasse og utføre undervisninga di. Sjølve skulen er samlokalisert med barnehage, skulebibliotek og SFO.
Frå og med har Geiranger skule ledig:
- 2 undervisni...