Position Overview
Sogndal kommune
**Vikariat som barnehagelærar**:
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Furuli barnehage ligg i vekstbygda Kaupanger i Sogndal kommune, 10 kilometer frå Sogndal sentrum. Det er gode buss-samband mellom Sogndal sentrum og Kaupanger, og mellom Lærdal/Årdal og Kaupanger.
**Me har no ledig eit vikariat som barnehagelærar frå - .**Det er ein mogelegheit for at vikariatet kan bli noko forlenga.
Barnehagen ligg på toppen av byggefeltet på Kaupanger. Me er ein stor barnehage, med 6 avdelingar. Det gjer at me deler oss på tre ulike uteleikeplassar. I tillegg har me flotte leikeområde med skog og bø rett utanfor porten til barnehagen.
- Me har ein lavvo og uteleikeplass i skogen, som gjev andre moglegheiter for leik. Det vert både korte og lengre turar i skogen og nærområdet. Me kan og bruka ballbingen, som skil oss berre med ei grind. Barnehagen har fine fasilitetar inne med gode romløysingar, motorisk rom som gjev moglegheit for ulike aktivitetar og s...