Position Overview
Om stillinga
Urologisk avdeling er ei spennande kirurgisk avdeling med høg aktivitet og høg kompetanse. Avdelinga har m.a. regionalt ansvar for avansert kirurgisk kreftbehandling i urinvegane og i mannlege kjønnsorgan. Avdelinga deler sengepost med Bryst
- og endokrinkirurgisk avdeling. Sengeposten du skal vere med å leie har 26 senger og har ca. 2500 døgnpasientar (ca. 2000 urologiske og 500 bryst-og endokrinkirurgiske). Som assisterande avdelingssjukepleiar er du difor medansvarleg for å utvikle sjukepleiekompetansen ved to fagfelt.
Er du opptatt av å gje kirurgiske pasientar god sjukepleiefagleg pleie, utvikle sjukepleiarane sin faglege kompetanse og samtidig har interesse for å vere med å drifte ei avdeling med stort økonomiansvar? Ja, då kan det vere akkurat deg vi ser etter. Som Assisterande avdelingssjukepleiar ved Kirurgisk klinikk, post 2, vil du jobbe tett saman med avdelingssjukepleiar og avdelingas fagsjukepleiar. Du rapporterer til Avdelingssjukepleiar ved kirurgi...