Position Overview
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stipendiat
Det er ledig ei stilling som stipendiat i snøprosessar i fjellet ved Geofysisk institutt og Bjerknessenteret for klimaforsking ved Universitetet i Bergen. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (t.d. undervisning ved instituttet).
Stillinga er knytt til Senter for fjell i endring, eit nytt tverrfagleg forskingssenter ved Universitetet i Bergen finansiert av Trond Mohn forskningsstiftelse (TMF) og Universitetet i Bergen.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
Senteret for fjell i endring har som mål å forstå og møte konsekvensane av klima
- og miljøendringar i fjellområde. Med hovudfokus på dei skandinaviske fjella, samlar senteret klimaforsking, økologi, hydrolog...