Britain's Premier Job Portal
Skei omsorgssenter er ein moderne og fagleg sterk institusjon med tre avdelingar.
Vi er ein aktiv del av ressurs-sjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling, vi driv Sunnfjord kommune si rehabiliteringsavdeling, og vi har integrerte velferdsteknologiske løysingar som støttar kvardagsmeistring og trygge pasientforløp. Hos oss jobbar vi målretta for å vere ei levande og framtidsretta teneste, der fagutvikling står sentralt.
Vi søker deg som vil vere med å løfte oss vidare.
Vi har årsturnus, og for dei som ønsker det er det mogleg med langvakter og arbeid kvar 4. helg.