Britain's Premier Job Portal
Fjord1 planlegg å innføra 2:4-turnus i sambandet Arsvågen–Mortavika om bord på våre gassferjer. No søker vi skipsmotormekanikare som ønsker å vere med på den nye ordninga.
Den nye turnusordninga med 2 veker på arbeid og 4 veker fri gir moglegheit for god balanse mellom arbeid og fritid. I arbeidsperioden bur du om bord, og reise til og frå arbeidsstaden vert dekt.
Her får du moglegheit til å utvikle deg vidare innan maskinfaget og bygge kompetanse på gassfartøy – ei erfaring som er ettertrakta. Du blir ein del av eit trygt, inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø om bord, der samarbeidet på tvers av heile besetninga er ein naturleg del av kvardagen.
Oppstart er føresett i september, men endeleg oppstartstidspunkt vert avtalt nærare.