Position Overview
(i ny fane)
- Om stillinga
Klinikk for diagnostikk - Radiologi SNR Hjelset og Kristiansund.
**Har du eit ønske og ein ambisjon om å bli leiar for eit sterkt fagmiljø og flotte tilsette i HMR?**
**Vi søkjer no etter seksjonsleiar i 100 % fast stilling ved radiologi SNR Kristiansund.**
Radiologi SNR er ei avdeling med høg aktivitet innan undersøkingar som MR, CT, ultralyd, intervensjon, mammografi, DEXA og røntgen. Vi gjennomfører om lag 100 000 undersøkingar årleg, og avdelinga har om lag 100 tilsette fordelt på minst 2 lokasjonar.
Seksjonsleiar Kristiansund vil gå inn i leiarteam med seksjonsleiar SNR Hjelset, seksjonsleiar merkantil og seksjonsleiar legar, der dei deler avdelinga sine oppgåver og personalansvar mellom seg. Seksjonsleiar Kristiansund vil ha personalansvar for om lag 20 av dei tilsette, der om lag halvparten av desse arbeider både ved SNR Hjelset og ved SNR Kristiansund.
Oppstart etter nærmere avtale.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta ...