Position Overview
Er du interessert i å arbeide med spanande og utfordrande oppgåver innan planlegging og utvikling av lokalsamfunn? Vi har no ledig ei 100 % fast stilling som samfunns
- og arealplanleggar ved teknisk kontor.
Hovudoppgåvene i stillinga vil vere knytt til kommunale planar og prosjekt. Vi har totalt to planstillingar på kontoret der hovudoppgåver til den andre planleggaren er knytt til private reguleringsplanar, dispensasjonar og handsaming av saker etter anna lovverk. Vi på teknisk kontor har tett samarbeid mellom plan og byggesak. I tillegg jobbar vi tverrfagleg med eining for kultur og samfunnsutvikling. Vi har eit nyoppretta internt planforum som skal vere ein arena for å sikre tverrfagleg samarbeid mellom alle einingane i kommunen. Planforumet skal og sikre gjennomføring av planstrategien og samanhengen mellom planverka.
Vi ser etter deg som trivast med eit høgt tempo, har god kompetanse på planarbeid, gjerne også med erfaring frå offentleg sektor. Som vår nye kollega vil du...