Britain's Premier Job Portal
Er du ein kunnskapsrik og engasjert økonom som har lyst på ein spennande jobb med mange utviklingsmoglegheiter?
Helse Møre og Romsdal er ein av dei største arbeidsgivarane i fylket, med eit driftsbudsjett på om lag 10 milliardar kroner. Økonomiavdelinga har eit sterkt og godt fagmiljø med rundt 50 tilsette, og er eitt av dei største økonomimiljøa i fylket. Fleire i avdelinga har brei erfaring med helseøkonomi, kombinert med verdifull kompetanse frå privat næringsliv. Vi er organiserte i fire seksjonar med ansvar for lønn og rekneskap, innkjøp og logistikk, analyse og økonomistyring.
Vi er no på jakt etter å styrke seksjon for økonomistyring som per i dag har 10 tilsette. Dei har hovudansvar for budsjettering, rapportering og økonomistyring, og jobber tett saman i eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, samt tett på leiarar i foretaket.
Det er ein fordel om du har erfaring med økonomistyring i større komplekse organisasjoner, og gjerne også erfaring ...