← Back to Jobs
Helse Førde HF | førde, Norway | Posted June 30, 2026
Position Overview
**Psykiatrisk klinikk har ledig 100 % fast stilling som psykologspesialist/psykolog ved Psykiatrisk klinikk, DPS dag i Førde.**
- Den tilsette må kunne jobbe andre stadar ved behov.
**Psykiatrisk klinikk** gir allmennpsykiatriske tenester til kommunane i Sunnfjord/Ytre Sogn og har òg sentralsjukehusoppgåver med akuttpost med ØH plikt, sikkerheitspost og vaksenhabilitering. Avdelinga har ca 200 årsverk og av desse er det 14 psykologar. Det er eit aktivt forskingsmiljø tilknytta Psykiatrisk klinikk.
Vi flytta inn i nytt moderne bygg i mars 2021 der vi har poliklinikk og 4 sengepostar med til saman 41 sengeplassar. Vi er samlokalisert med Førde BUP og vi ligg tett på Førde sentralsjukehus. Nybygget har ført til at fleire tilsette har blitt samla i eit større fagmiljø. Psykolog i spesialisering har høve til å kunne få all teneste som trengs for spesialisering i Førde.
**DPS dag**er ein poliklinikk for kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn. Tilsette er tverrfagleg samansett med psy...