Position Overview
Sogndal kommune Oppvekst
Dalavegen 2, 6856 Sogndal
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk senest søndag 14. september
Sogndal kommune søkjer pedagogisk rådgjevar som vil vere med å utvikle eit inkluderande og framtidsretta opplæringstilbod i hjartet av Sogn!
Her får du høve til å kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og vakre omgjevnadar, med fjord, fjell og natur rett utanfor kontordøra. Kommunen er stor nok til mangfald og utvikling, men liten nok til å gje oversikt, tryggleik og nærleik til det meste. Om lag 1300 tilsette jobbar kontinuerleg med å fornye, forbetre og forenkle tenestene våre, til det beste for innbyggjarane våre.
Om stillinga
Som rådgjevar blir du ein del av oppvekstteamet i kommunen, og får jobbe tett på både skuleleiarar og kollegaer i organisasjonen og regionen. Du får høve til å påverke retning og utvikling, samstundes som du bidreg til gode og trygge læringsm...