Position Overview
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Overingeniør (mellombels)
Ved Institutt for fysikk og teknologi (IFT) er det ledig ei mellombels stilling som overingeniør for ein periode på 2 år. Stillinga er knytt til gruppa for subatomær fysikk.
Gruppa deltar i ATLAS-eksperimentet ved CERNs LHC (Large Hadron Collider). Dette eksperimentet står føre ei større oppgradering der store delar av detektorsystemet skal bli bytta ut. Stillinga er knytt til NFR-prosjektet NORLHC, som finansierer dei norske bidraga til denne oppgraderinga. I løpet av dei siste åra har IFT bygd opp eit laboratorium for utprøving og kvalitetssikring av piksel-sensormodular som skal bli brukt i ATLAS. Piksel-sensorane er produsert i silisium, basert på halvleiarteknologi. Sensor-brikkene blir deretter sett saman med spesialutvi...