Position Overview
Om stillinga
Augeoperasjon er ein del av Augeavdelinga og har ansvar for planlagd og akutt augekirurgi. Vi tilbyr kirurgi for dei fleste kirurgiske tilstandar i auge og nyttar avansert medisinsk teknisk utstyr. Kirurgien blir utført både i lokal og generell anestesi. Pasientane våre er barn, unge, vaksne og eldre.
Seksjonen har fleire operasjonsstover og eit fagmiljø beståande av erfarne operasjonssjukepleiarar. Vi samarbeider tett med kirurgar, anestesipersonell og andre faggrupper i eit tverrfagleg team med høgt fokus på pasienttryggleik, kvalitet og god arbeidsflyt.
Vi har no ledig fast stilling i 100% som operasjonssjukepleiar. Stillinga er ei dagstilling med beredskapsvakt utanom ordinær arbeidstid, kveld, natt og helg. Beredskapsvaktene er heimebaserte med utrykking ved behov.
- Nøkkelinformasjon
- Søknadsfrist:
** **
- Arbeidsgivar:
**Helse Bergen HF**
- Stad:
**Bergen**
- Stillingar:
**1**
- Tilsetjingsform:
**Fast**
- Stillingsprose...