Position Overview
Fjord1 - Prosjektavdeling, Fjord1 AS
- Om stillinga
**Fjord1 er ein verdsleiande pioner i det grøne skiftet.**Over halvparten av fartøya våre er elektriske, og no står vi i spissen for å utvikle verdas første sjølvgåande ferjer. Vi bygg framtidas ferjedrift - saman, med stø kurs, fagleg styrke og verdiane våre i ryggen. Med visjonen om å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport, tek vi eit stort ansvar for morgondagens løysingar på fjordane våre.
Fjord1 er allereie godt i gang med det største ferjeløftet gjennom tidene. I dei fleste anbodskonkurransar som blir lyst ut i dag, er miljøkrava skjerpa - med klare forventningar til null
- og lågutsleppsteknologi. Med ei rekkje nybygg og nyvinningar har vi sikra oss ein leiande posisjon i elektrifiseringa av norske fjordar.
Vi ønskjer no å styrke kompetansen innanfor prosjektavdelinga vår, og ser etter ein **prosjektleiar for anbodsrealisering**. Du får ei viktig rolle i å realisere prosjekt vi har vunne i anbod, og sør...