Position Overview
**Vi i Møre og Romsdal politidistrikt brukar kommunikasjon aktivt og strategisk. Har du lyst til å bli vår nye kommunikasjonsrådgjevar eller senior kommunikasjonsrådgjevar?**
Vi som jobbar med kommunikasjon i politiet er tett på politikvardagen taktisk, operasjonelt og strategisk. Vi må vere gode på å sjå heilskapen, trygge, rettleie og byggje tillit. Vi må også vere modige og tenkje nytt for å kunne nå innbyggjarane våre på ein best mogleg måte.
**Vil du bli ein del av eit større nettverk?**
Vi samarbeider tett med kommunikasjonsnettverket i dei andre politidistrikta, dei andre særorgana i politiet og Politidirektoratet. Du får vere med på å utvikle kommunikasjonsarbeidet både regionalt og nasjonalt.
**Har du lyst til å planlegge din eigen arbeidskvardag?**
Du får kontorplass på politihuset i Ålesund, med fleksibel arbeidstid og moglegheit for trening i arbeidstida. Kommunikasjonsarbeidet vårt femner om heile politidistriktet, så litt reising mellom fjordar og fjell ver...