Position Overview
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
- Om stillinga
**Vil du være om bord 25% og ha fri 75% av året?**
Vi søkjer ein engasjert og kompetent maskinsjef til vår elektriske ferje MF Storfjord, som trafikkerer sambandet Leirvåg - Sløvåg.
Denne ferja vart bygd i 2011, og i 2019 ble ho bygd om til hybrid med batteri som primær energikjelde for framdrift. Dette er eit viktig steg i vårt arbeid for å redusere utslepp og bidra til ei meir berekraftig framtid.
Som maskinsjef vil du ha ei sentral rolle i å sikre effektiv drift og teknisk stabilitet om bord. Du får ansvar for vedlikehald og overvaking av maskineri og energisystem, og vil vere ein nøkkelperson i å oppretthalde høg driftssikkerheit på sambandet.
På dette sambandet jobbar ein døgnskift - du er om bord eitt døgn og har fri eitt døgn i tre veker. Deretter har du tre veker samanhengande fri.
Arbeidet gir deg ein variert kvardag der du får brukt din tekniske kompetanse og erfaring i praksis, samtidig som du får mogleghe...