Position Overview
Helse og omsorg
Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
Om jobben
Lagre favoritt
Stillingstittel
Leiar for legetenesta
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk
Søk senest søndag 16. august
Vil du leia og videreutvikla ein av våre viktigaste tenester for innbyggjarane i Kvam?
Me søkjer ein strategisk og engasjert leiar for legetenesta i kommunen og dei kommunale legekontora.
Du vil få ei sentral rolle i å sikra høg kvalitet, god ressursutnytting og heilskaplege legetenester til innbyggjarane våre. Som leiar for legetenesta vil du ha ansvar for å tilretteleggja for eit godt samarbeid mellom fastlegar, øvrig helseteneste og relevante aktørar, samtidig som du bidreg til å styrka tenesta si faglege utvikling. Dette er ein unik moglegheit til å kombinera fagleg dyktigheit med leiing i eit samfunnsnyttig arbeid.
I Kvam er det tilsett medisinsk fagleg rådgjevar, 12 fastlegar og 2 sjukeheimslegar. Kommunen driv kommunale u...