Position Overview
**(i ny fane)***:
**Om stillinga**:
Har du eit varmt hjarte for menneske i sårbare livssituasjonar, og ønskjer å bidra med tryggleik og god pleie på nattestid? Då kan du vere den nattevakta me ser etter ved avdelinga korttid og rehabilitering (KOR).
KOR ved Bømlo Bu
- og helsesenter har grunna utviding og mellombels meiransvar på natt oppretta tre nye faste nattevaktstillingar i 66 %. Stillingane inneber årsturnus med arbeid kvar tredje helg.
KOR er ei aktiv og tverrfagleg avdeling med høg fagleg kompetanse og stor variasjon i pasientgruppa. Pasientane kjem frå sjukehus eller heimen for kortare eller lengre opphald, som kan vere kartlegging, rehabilitering, avlastning, korttidsopphald eller palliativ behandling. Avdelinga har 10 korttidsplassar, 5 rehabiliteringsplassar og 1 lindrande seng, og samarbeider tett med lege, heimeteneste, ergo
- og fysioterapitenesta.
Hos oss får du moglegheit til å jobbe i eit miljø der samarbeid, fagleg utvikling og pasientomsorg står...