Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse | oslo, Norway | Posted June 27, 2026
Position Overview
Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse Frist Ansettelsesform Fast Vil du vere med og forme det digitale prøvesystemet for norsk og samfunnskunnskap for framtida? Om stillinga og avdelinga Denne stillinga høyrer heime i divisjonen for arbeidsliv og kompetanse i avdelinga for prøveforvalting. Avdelinga får oppdrag frå Arbeids
- og inkluderingsdepartementet. HK-dir tek i bruk eit nytt system for gjennomføring av prøver i norsk og samfunnskunnskap, inkludert statsborgarprøva. I samband med det søkjer vi ein engasjert medarbeidar som vil arbeide med forvaltinga av systemet, og bidra til at avdelinga for prøveforvalting tek hand om systemeigarrolla på ein god måte. Avdelinga har ansvar for forvaltinga av det digitale prøvesystemet, der prøver i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar, inkludert statsborgarprøva, blir gjennomførte. Avdelinga har ansvar for å leggje til rette for kommunane si gjennomføring av prøvene, og for å rettleie både kommunane og kandidatane til ...