Position Overview
Ledig fast stilling som fagleiar skule i 100% frå hausten 2025
- f.t. ved Svelgen Oppvekst, Bremanger kommune
- Søk på stillinga
- Om stillinga
Svelgen oppvekst har ledig stilling som fagleiar i 100 % stilling frå . Vi søker etter ein fagleiar som har evne til å skape tillit, motivere og inspirere og som har stor arbeidskapasitet. Du må ha godt humør og vere ein pådrivar i skulen sitt utviklingsarbeid både fagleg og sosialt i tråd med sentrale og lokale mål. Du må ha evne til å vere sjølvstendig, ansvarleg og fleksibel, samtidig som du er god på samarbeid og kommunikasjon.
Leiinga ved Svelgen oppvekst består av driftssjef, fagleiar skule og fagleiar barnehage. Den som vert tilsett må vere handlekraftig og god til å sette seg inn i dei allsidige arbeidsoppgåvene ei fagleiarstilling inneber.
I stillinga inngår 60 % administrasjon og 40 % undervisning, og du må derfor ha undervisningskompetanse innanfor skulen sitt fagtilbod.
Nøkkelinformasjon
- Søknadsfrist:
*...