Position Overview
Helse Førde har lange tradisjonar og positive erfaringar med opplæring av helsepersonell. Vi er eit helseføretak med lokasjonar både i Sunnfjord, Sogn og Nordfjord. Vi har ledige læreplassar i helsearbeidarfaget innan psykiatri, medisin og kirurgi. Som lærling, får ein rullere til fleire fagavdelingar i løpet av læretida.
Vi kan tilby ulike læreplassar som er spennande og utfordrande i eit godt fagmiljø. Lærlingansvarleg og rettleiarane våre sørgjer for at du får tett og individuell oppfølging gjennom læretida. Vi har utarbeidd eigen kompetanseplan som sikrar at måla i læreplanen for helsearbeidarfaget vert ivaretekne.
Ber om at det i søknaden vert opplyst om kvar du helst ønskjer å få tilbod om læreplass; Sunnfjord, Sogn eller Nordfjord. Om du har interesse for eit særskilt fagfelt, må du gjerne opplyse om det i søknaden.
Det er viktig at det blir lagt ved vitnemål for Vg1og Vg2, eventuelt første termin Vg2 ved søknaden. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.
Nøkke...