Position Overview
STORD FOLKEHØGSKULE AS Frist 20.4.2026 Ansettelsesform Fast Ledig stilling som Økonomi
- og administrasjonsleiar Stord Folkehøgskule søkjer ein dyktig og engasjert medarbeidar til ei variert og spanande stilling som Økonomi
- og administrasjonsleiar. Du må vere villig til å arbeide i folkehøgskulen si ånd; vere fleksibel og løysingsorientert, og møte elevar og kollegaer på ein likeverdig måte. Me forventar at du har interesse for skulen sine fagområde og folkehøgskulen sin ideologi og verdisyn. Har du erfaring innan økonomi, administrasjon og service, og ønskjer å vere ein del av ein inkluderande skule som rustar unge menneske for livet? Då kan dette vere stillinga for deg! Arbeidsoppgåver Som Økonomi
- og administrasjonsleiar vil du ha eit breitt spekter av oppgåver, mellom anna: Ansvar for økonomistyring, budsjettarbeid, rekneskapsføring, kontering og fakturering Økonomisk oppfølging, internt og mot rekneskapsførar Rapportering til relevante instansar Turnus for driftsperson...