Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse | oslo, Norway | Posted July 02, 2026
Position Overview
**Om stillinga og avdelinga**:
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) søkjer en kommunikasjonsrådgjevar som skal jobbe spesielt med videoproduksjon til dei eksterne kanalane våre. Kommunikasjonsrådgjevaren skal utvikle og produsere visuelt innhald som engasjerar, formidlar og informerer om HK-dirs ulike tenester og verkemiddel. Stillinga vil innebere planleggjing og å jobbe strategisk med innhald frå idé til gjennomføring. Rådgjevaren får ei sentral rolle i produksjon av innhald til sosiale medium, nyheitsbrev og nettsider.
HK-dir ser etter ein dyktig og kreativ kommunikasjonsrådgjevar med hovudoppgåver innan video og bilete. Stillinga er ein del av stab for kommunikasjon. Staben har medarbeidarar i både Oslo og Bergen, og denne stillinga har kontorstad i Oslo. Ansvar for ekstern og intern kommunikasjon i HK-dir ligg hos staben, som blir leidd av en kommunikasjonsdirektør.
**Arbeidsoppgåver**:
- utvikle konsept, manus og innhald
- planleggje og gjennomf...