Britain's Premier Job Portal
Det er ledig 100 % fast stilling som helsesjukepleiar ved helsestasjonen. I tillegg kan det bli ledig eit vikariat i 100% stilling frå august. Oppgi i søknaden om begge er aktuelle for deg eller ikkje.
Helsestasjonen er organisert i eining Barn, familie og helse saman med barnevern, tenesta for psykisk helsearbeid for barn, unge og familiar,fysio- og ergoterapitenesta, flykningtenesta og legetenesta. Det er lagt stor vekt på samarbeid med dei andre tenestane i kommunen.
Helsestasjonen har til saman 12 tilsette og avdelingsleiar er næraste overordna.
Det er krav om politiattest av ny dato.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Dokumentasjon på utdanning skal sendast i lag med søknaden.