🇬🇧 SearchUKJobs.co.uk

Britain's Premier Job Portal

← Back to Jobs

Helsefagarbeidar/sjukepleie- Og Medisinstudentar Til Fast Helgestilling

Haukeland Universitetssjukehus | bergen, Norway | Posted June 19, 2026

Position Overview

Om stillinga
Ønsker du spennande arbeid ved Lungeavdelinga? Lungeavdelinga har ledig fast helgestillingar og søker dyktig helsefagarbeidar, sjukepleiarstudent eller medisinstudent. Det er ønskeleg at søkar har pleieerfaring frå tidlegare. Stillinga er i snitt pt. kvar 3.helg og det kan bli aktuelt med ekstravakter i veker og helg/helligdagar. I tillegg er det moglegheit for meir intensiv jobbing i feriar.
Lungeavdelinga har to sengepostar. Post 3 har 22 sengeplassar med hovudansvar for tre store pasientgrupper, lungekreft, KOLS (pasientar med kronisk obstruktive lungesjukdommar) og lungeinfeksjonar. Vi har òg 1 luftsmitteisolat for pasientar med tuberkulose. I tillegg behandlar vi pasientar med mellom anna pneumothorax, lungefibrose, sarkoidose og lungeemboli. Post 1 har totalt 16 sengeplassar fordelt på to grupper med 8-10 sengeplassar ved respiratorisk overvakingseining (ROE) og 4 lungemedisinske senger. Ved ROE behandlar ein pasientar med akutt og kronisk respirasjonssvikt.

Ready to Apply?

Apply for this Position