Position Overview
**Om stillinga**:
**Vil du jobbe på døgnpost i Helse Fonna - og vere ein viktig del av miljøterapien gjennom natta?**
På allmennpsykiatrisk post Karmøy ved Haugaland DPS har vi no ledig 2 faste stillingar (hovudsakleg natt). Posten er i ei utvikling frå brukerstyrte senger til allmennpsykiatrisk døgnpost - og vi treng deg som likar å skape ro, tryggleik og struktur når det er minst folk på jobb, men mykje som kan skje.
Hos oss møter du vaksne pasientar i planlagde forløp - mellom anna med affektive lidingar, angst, spiseforstyrringar og traumer. Me har 8 sengeplassar, og du jobbar alltid natt saman med sjukepleiar.
Vil du ta ein prat før du søkjer? Ta gjerne kontakt med funksjonsleiaren vår Eivind Andresen.
**Vi gler oss til å høyre frå deg.**
**Nøkkelinformasjon**:
- Søknadsfrist:
-
- Arbeidsgivar:
- Helse Fonna HF
- Stillingstittel:
- Helsefagarbeider
- Stillingar:
- 2
- Heiltid / Deltid:
- Heiltid
- Tilsetjingsform:
- Fast
-...