Position Overview
Er du helsefagarbeidar og vil vere med å påverke og utvikle det faglege innhaldet på arbeidsplassen? Då er Askvoll kommune staden for deg.
I vår kommune er vi opptatt av at tenestene skal vere fagleg gode og medverke til god livskvalitet.
Helse og omsorgstenestene i kommunane står overfor spanande utfordringar på grunn av endra alderssamansetning i befolkninga. Pasientar og brukarar har ofte samansette lidingar, derfor treng vi fagpersonar med god kompetanse og som ser behova i heilskap. Helsefagarbeidarane deltar i det tverrfaglege samarbeidet for å sikre ein heilskapleg tilnærming og oppfølging.
Avdeling Kårstova er ei eining med 16 langtidsplassar og 1 avlastningsplass, samt dagtilbod for heimebuande personar med demens.
Vi har frå følgjande ledige stillingar som helsefagarbeidar knytt til skjerma avdeling;
80% fast stilling i 2-delt turnus
20% fast helgestilling på natt
Ver venleg å oppgje i søknadstteksten kva stilling du søkjer på, evt. om du søkjer på alle...