Position Overview
Bulandet skule er den vestlegaste skulen i landet. Vi er ein fådelt barne - og ungdomsskule med 31 elevar. Elevgruppa vil bli delt i 1. - 3 klasse, 4. og 5. klasse og 8.9. klasse skuleåret 2025 -2026.
Bulandet skule har ledig inntil 100% vikariat som grunnskulelærar med undervisning primært på barnesteget til og med 5. klasse skuleåret 2025/2026. Kontaktlæraransvar må påreknast. Fagynskje er norsk, engelsk, matematikk, elles øvrige fag som krle, samfunnsfag, naturfag, kunst og handverk, musikk og kroppsøving.
**Kvalifikasjonar**:
Grunnskulelærar 1-7 eller 5-10. Andre med godkjend pedagogisk lærarutdanning kan òg søkje. Du er òg velkommen til å søkje dersom du har ei anna utdanning/erfaring som kan eigne seg i arbeid med barn. Då kan du verte tilsett som lærar utan godkjend utdanning dersom det ikkje lukkast oss å få tilsett søkjarar med godkjend lærarutdanning.
Gode faglege og didaktiske kunnskapar
Gode IKT-kunnskapar
**Personlege eigenskapar**:
Tydeleg og motivera...