Position Overview
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie
- og arbeidsplass.-
- Førsteamanuensis II i nordisk fagdidaktikk (litterær innretning)
Velkomen som søkjar til ei 20% åremålsstilling (ekstraerverv - «bistilling») som førsteamanuensis II i nordisk fagdidaktikk ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE). Åremålsperioden for stillinga er to år frå tilsetjing med mogelegheit til forlenging i to nye år. Planlagd oppstart er 1. januar 2026, eller så snart som mogleg etter dette.
Eit krav for tilsetjing i ekstraerverv er at ein har ei hovudstilling (minst 50 %) utanfor Universitetet i Bergen i heile åremålsperioden. - Om institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Instituttet har kring 80 vitskapleg tilsette, 18 ...