Position Overview
**Vil du vere fagbioingeniør i eit moderne patologilaboratorium i utvikling?**
- Vi har ledig stilling som fagbioingeniør på laboratorium for patologi og ser etter deg som ønskjer å arbeide med spennande oppgåver og bidra til presis diagnostikk for pasientane vårer. Ved internt opprykk kan det bli ledig grunnstilling/vikariat. Dersom dette er aktuelt for deg, oppmodar vi deg til å opplyse om det i søknaden.
Sjå litt frå kvardagen vår her: Blimedoss
- Her arbeider vi tett saman om diagnostikk på vev
- og celleprøvar. Ein diagnose frå patolog fortel om pasienten har kreft eller andre sjukdommar - og gir eit godt grunnlag for best mogleg behandling. Vi mottek prøvar frå pasientar i dei kliniske avdelingane ved sjukehusa og frå primærhelsetenesta. Avdelinga arbeider med digital patologi, molekylær diagnostikk og persontilpassa medisin, og er i kontinuerleg fagleg utvikling.
- Avdeling for patologi i Helse Førde har kring 25 medarbeidarar som arbeider i lag for å sikre diagno...