Position Overview
Det Vestnorske Teateret programmerer på tre ulike scener. Skifte er vår minste scene, og er tilknytt teateret sin bar. Her har vi eit variert tilbod og høg aktivitet. Vi har som mål å ha minst 50-60 arrangement i året.
Om stillinga
Program
- og arrangementsansvarleg (programansvarleg) har eit overordna ansvar for innhaldet i Skifte, i samarbeid med teatersjef. Hen er òg ansvarleg for gjennomføring, og det er forventa at vedkomande er til stades på dei fleste arrangementa.
Programmeringa blir gjort i tråd med teateret sin strategiplan, og skal samsvare med Det Vestnorske Teateret sin profil.
Programansvarleg har eit eige budsjett. Det er forventa at ein kan arbeide innanfor dei økonomiske rammene, og nytte midlane på ein effektiv og inkluderande måte. Vi vektlegg mangfald i programmeringa, både når det gjeld medverkande og publikum.
Programansvarleg har ansvar for å forhandle rammer og honorar med alle medverkande.
Programansvarleg utarbeider marknadsmateriale i sam...