🇬🇧 SearchUKJobs.co.uk

Britain's Premier Job Portal

← Back to Jobs

Energivert/aktivitør. Ønsker Du Ei Lita Stilling Ved Sida Av Studie?

Haukeland Universitetssjukehus | bergen, Norway | Posted July 02, 2026

Position Overview

Om stillinga
Energisenteret for barn og unge (Energisenteret) skal vere knutepunktet for fysisk aktivitet for barn og unge med særskilde behov, og huser aktivitet på tvers av klinikkar og avdelingar på Haukeland universitetssjukehus. I senteret er målet at barn og unge skal få lyst til å vere fysisk aktive, trivast på trening og oppleve fellesskap med kvarandre. Alle som har relasjon eller oppgåver knytt til primærbrukarae kan også nytta senteret. Det kan vere familie, vener, helsepersonell, brukargruppar, idrettslag, lærarar, trenarar, forskarar og studentar. På dagtid nyttast Energisenteret til pasientbehandling, medan det på ettermiddag/kveld er ein god blanding av intern og ekstern aktivitet i lokala. Delar av desse aktivitetane er ønskt følgt opp av Energivertar. Primæroppgåver er å ivareta sikkerheit og yte service overfor brukarane av svømmebasseng, kino og gymsal i Energisenteret for barn og unge.
For å vere Energivert/aktivitør må du ha bestått livbergingskurs og -test, ...

Ready to Apply?

Apply for this Position