Position Overview
Sogndal kommune
**Eigedoms
- og prosjektutviklar**:
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
- Vil du vere med å _drive fram eigedoms
- og prosjekt_porteføljen_ i Sogndal?_
I Sogndal kommune jobbar det over 1200 tilsette som går på jobb kvar dag for å bidra til gode, aktive og trygge liv for innbyggjarane. Sogndal er ein av få distriktskommunar med vekst, og er spådd å ha dei yngste innbyggjarane i landet i 2050. På same tid må Sogndal, som dei fleste andre kommunar, finne nye måtar å løyse samfunnsoppdraget på for å kunne halde fram med å sikre innbyggjarane sitt beste i framtida.
Sogndal kommune eig ei omfattande eigedomsmasse, frå føremålsbygg som skular, barnhagar og institusjonar til bustadar og andre typar strategisk viktig eigedom. I tillegg vert det årleg gjennomført store investeringar i nye prosjekt og i styrking av eksisterande infrastruktur. Eigedom og prosjekt er organisert som team, som jobbar tverrfagleg med dei oppgåvene som er knytt til dette ...