Britain's Premier Job Portal
Sula kommune har ledig eit 100% driftstilskot for fysioterapeut, fra og med 01.sep.2026. Avtalen er ein solopraksis lokalisert på Sunde, og blir lyst ut med same lokalisering, jmf ASA 4313 pkt 11
For å møte framtida sine utfordringar er tidleg innsats, tverrfagleg samarbeid og samhandling viktige faktorar. Tenesteyterane i kommunen skal saman bidra til å styrke innbyggjarane sin kvardagsmeistring og hjelp til sjølvhjelp.Kommunen søkjer derfor etter ein fysioterapeut som er meistringsorientert og som legg fokus på aktive tiltak over for pasientane.