Position Overview
Årdal Teknologipark Frist 28.4.2026 Ansettelsesform Fast Årdal Teknologipark søkjer dagleg leiar Vil du leie an i utviklinga av eit kraftsenter for framtidsretta industri og næringsliv i hjartet av Sogn? Som vår nye daglege leiar får du ei unik moglegheit til å forme eit nyoppretta selskap frå grunnen av. Vi søkjer ein profil som er formålsdriven og har eit sterkt samfunnsengasjement, men som samstundes er ein utprega marknadsretta person med kommersiell teft. Du må vere strategisk anlagt, men samstundes ha god gjennomføringskraft - ein person som set ord og planar ut i konkret handling. Ansvar og arbeidsoppgåver Som dagleg leiar får du det overordna ansvaret for å profesjonalisere og utvikle selskapet vidare. Du vil ha stor fridom til å forme di eiga rolle, og du vil samarbeide tett med eit kompetent styre og nøkkelpersonar hos eigarane. Dine viktigaste oppgåver blir å: Utvikle og realisere strategien for å tiltrekke nye bedrifter og skape berekraftig vekst. Aktivt drive sal, marknads...