Position Overview
Aukra kommune
**Avdelingsleiar**:
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Aukra kommune har ledig stilling som avdelingsleiar for 1.4. trinn ved Julsundet skole
Skolen satsar på å ha eit sterkt lag rundt eleven. Vi har tro på utvikling gjennom samhandling der alle yrkesgruppene deltek med sin kompetanse.
Skolane (1. -4. trinn) og barnehagane i Aukra skal komande år samarbeide med NTNU Skrivesenteret om språkutvikling. Aukra kommune har fokus på tilknytingspsykologi, og alle tilsette som jobbar med barn og unge blir kursa i Trygghetssirkelen.
Den som blir tilsett må ha godkjent undervisningskompetanse og erfaring med arbeid innan utdanningsfeltet. Vi ønsker oss ein avdelingsleiar som har eit positivt menneskesyn og som søker utvikling for seg sjølv, elevar og tilsette på skolen. Vi søker ein avdelingsleiar som er lojal, tydeleg og målretta i sitt arbeid, og som brenn for utviklingsarbeid i skolen. Som avdelingsleiar må du sjå verdien av å vere ein del av eit stør...