Position Overview
Om stillinga
Dagkirurgisk eining DKE er ein del av Operasjonseininga og er lokalisert i 1. etasje. Seksjonen har om lag 12 tilsette og utfører planlagde dagkirurgiske inngrep under lokal anestesi, mellom anna kataraktkirurgi og okuloplastiske operasjonar. Verksemda er prega av høg aktivitet, tett samhandling og krav til effektiv og trygg pasientflyt.
Det er eit nært samarbeid mellom Dagkirurgisk eining og poliklinikken ved Augeavdelinga. Nokre tilsette arbeider enkelte dagar i poliklinikken, og ved behov bidrar medarbeidarar frå poliklinikken i drifta ved DKE.
Vi lyser no ut ei stilling som assisterande seksjonsleiar ved Dagkirurgisk eining. Assisterande seksjonsleiar rapporterer til seksjonsleiar og er seksjonsleiar sin stedfortredar ved fråvær. Stillinga er ei driftsstøttefunksjon utan personalansvar og har som mål å bidra til god koordinering, kontinuitet og kvalitet i den daglege drifta. Rolla inneber tett samarbeid med seksjonsleiar, fagsjukepleiar og øvrige medarbeidarar...