Position Overview
Om stillinga
Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP) er ei avdeling i Psykiatrisk klinikk, Divisjon psykisk helsevern. Seksjon S4 er ein lukka korttidspost i ASP, lokalisert på sandvikenområdet. ASP tilbyr spesialisert, tverrfagleg behandling til pasientar med psykoselidningar som har behov for utgreiing og behandling på sjukehusnivå. ASP har 6 døgnseksjonar og ein poliklinikk med team for tidleg oppdaging av personar med schizofrenispektrum lidningar (TOPS).
Psykiatrisk klinikk har som ambisjon å vere eit fyrtårn i psykisk helsevern. Kvalitet i behandling, pasientryggleik, og eit fagleg sterkt og godt arbeidsmiljø er sentralt i arbeidet vårt. Vi er inne i ein spennande prosess med utforming og styrking av framtias psykiske helsevern.
Vi søkar ein assisterande seksjonsleiar som kan vere med på å vidareutvikle eit godt fagmiljø og arbeidsmiljø i seksjonen, avdelinga og klinikken som heilskap. Som assisterande seksjonsleiar vil du få eit spesifikt ansvar knytt til fagutvik...