Position Overview
Spira utvikling AS
Tongane 59, 5590 Etne
Om jobben
Stillingstittel
Administrasjonsansvarleg
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Spira utvikling AS er eigd Etne kommune og Vindafjord kommune. Me er rundt 70 tilsette, og me tilbyr arbeidsretta tiltak for NAV gjennom VTA (24 plassar), AFT (6 plassar) og andre ulike tiltak. Me driv med vaskeri, transport, hjelpemiddelformidling, butikk, snikkar
- og bilverkstad, systove og mykje meir.
**Om stillinga**:Me søkjer ein strukturert Administrasjonsansvarleg som vil spela ei nøkkelrolle i vår vidare utvikling. Du vil ha oppgåver med fakturering, lønn og anna økonomisk oppfølging, i tillegg til oppfølging av personal. Du vil samarbeida tett med dagleg leiar og tiltaksleiar.
**Dine viktigaste arbeidsoppgåver vil vere**:
- Fakturering og økonomisk rapportering
- Oppfølging av kundar og kontraktar
- Følgje opp HR-rutinar
- Møteførebuingar og intern samordning